Eli Kari Gjengedal

elikari@scaryweather.no / 952 68 249


Eli Kari er frå Vestlandet. Oppvaksen i Sogn og Fjordane. Pendla mellom Leikanger i Sogn og Gjengedal i Nordfjord. Flytta til Bergen i 1992 for å utdanne seg til akvaingeniør, og har budd der sidan.

Som vestlendingar flest er Eli Kari meir enn middles opptatt av været. Alt frå værteikn i naturen til moderne matetmatisk meteorologi har vore og er av stor interesse. Eli Kari har formidla værvarsling og vær på TV 2 sidan 2000 med eit lite avbrekk då ho saman med NRK og meteorologisk institutt laga TV serien  «Værbitt».

Eli Kari har skrive fem bøker om vær. Ho har vore værjeger og jakta på stormar, regn og sol i heile Norge.

Eli Kari er engasjert i klimautfordringane vi står midt opp i og er opptatt av å formidle kva som skjer med været vårt og ikkje minst ansvaret vi har for å redde kloden vår for framtidige generasjonar.

Eli Kari elskar gode historier og god formidling.