For to uker siden satt satt Eli Kari Gjengedal og hørte StormGeo fortelle om det været vi kan ha i vente for vinteren. Ikke den neste uken, men de neste månedene.
Telefonen hennes ga fra seg et pling. Ikke noe uvanlig det, men denne gangen kikket hun forbauset opp etter å ha lest meldingen. Først overrasket, og så glad.
Det er med den aller største glede at eg no kan fortelja deg at styret har vedteke at du skal få Kringkastingsprisen for 2018. Gratulerer!
Guro Kvalnes
Kringkastingsprisen deles ut av organisasjonen Kringkastingsringen, til en person i media som utmerker seg med godt språk, på nynorsk eller dialekt.
Prisen ble holdt hemmelig til tirsdag 11. desember klokken 11. Da slapp TV 2 Nyhetskanalen nyheten, med Eli Kari og styreleder i Kringkastingsringen Guro Kvalnes i studio.
Prisen, et grafisk trykk, fikk Eli Kari etter sendingen, omgitt av kolleger i TV 2 og StormGeo.
Begrunnelsen Guro Kvalnes ga for at Eli Kari fikk prisen i år, kan du lese under bildene.
Det er få tema som opptek nordmenn meir enn vêret. Om det bles stiv kuling eller kjem inn lågtrykk sør for Stadt, meldingar om vêret blir det lytta til. Då er det godt med trygge dialektbrukarar som kan lose oss gjennom stormen. Det har årets prisvinnar gjort i ei årrekkje.
Prisvinnaren er fødd i 1971 og kjem frå Leikanger. Ho er mest kjend som vêrmeldar på TV2 for StormGeo, men ho har òg vore innom NRK som programleiar for programmet Værbitt. Frå 2014 er ho attende i TV2, no som redaksjonssjef for vêrmeldinga.
Prisvinnaren har gjennom sitt yrkesliv stått støtt som ein trygg dialektbrukar. På klingande sognemål har ho meldt om regn, sol, sludd og frisk bris. I 2009 song ho vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten, sjølvsagt på dialekt, og som del av markeringa av samane sin nasjonaldag i februar i år, imponerte ho med å framføre meldinga i sin heilskap på samisk.
I tillegg til å vere eit kjent og kjært innslag i fjernsynsruta har lesarar av Dagbladet si helgeavis i fleire åre hatt glede av å lese ei spalte signert prisvinnaren. I den faste laurdagsspalta har ho formidla smått og stort vêrrelatert stoff med ein entusiastisk penn, på god nynorsk.
I riksavisa Dagbladet, som til dags dato praktiserer forbod mot nynorsk, har
spalta vore eit kjærkome innslag av språkleg mangfald.
Kringkastingsringen ønskjer Eli Kari Gjengedal til lukke med Kringkastingsprisen 2018.